Sommarhuset
(Annonse for tolmod)


av Edvard Hoem


Nå er det tid for å tenke på overvintring.
November er ikkje staden for meiningslaus tvil.
Slepp ikkje lengsel frå deg. La ikkje drøm gå bort.
Med tida skal alt bli betre. Med tida skal alt bli godt.

For ein morgon skal du kanskje vakne i eit sommarhus      
langt på andre sida av mørker og glatte fortau.
Du skal vakne til ei reinare luft enn her
og høre barns morgonlatter gjennom lyse rom.

Du skal vakne til ei solblank vik med mange kvite båtar
til ein søndagsmorgons flom av lys igjennom opne glas ...

read more